Volda kommune er den nest største kommunen på Søre Sunnmøre og den sjette største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 10.850 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen.

Volda Kommune har prioritert utbygging av skule og andre formålsbygg, og har overvekt av gode skulebygg, og skal ha gode forutsetningar for godt inneklima i bygga. Vi vonar å få stadfesta dette med å delta i «DIGG-MIN-SKOLE» samt at ein vil få god drahjelp til å engasjere bygg-brukarane i arbeidet for eit godt inneklima. Vi har valgt ut Bratteberg Skule og Øyra Skule til å delta i dette prosjektet. Skulane er valgt ut for å prøve å få synleggjort skilnadane på ein “eldre” skule, Bratteberg frå 1999 opp mot ein “ny”, Øyra frå 2017 når det kjem til inneklima.

Kontakt:
Odd Harald Sundal
Seksjonsleiar, Eigedomsavd, forvaltning og drift
Volda kommune
Odd.harald.sundal@volda.kommune.no
+47 96012601